Fire enkle tips for deg som vil lage video:
Har du lyst til å lage ein video for å formidle innhald til studentane dine eller til eit allment publikum? Video kan vere eit supert verkemiddel for formidling, om det blir brukt riktig. Her er fire super-enkle tips til kva du bør tenke gjennom før du går i gang med å lage ein video. Les vidare så får du litt meir forklaring på kvart punkt. Fire smarte tips før du lagar video; 1) kvifor video, 2) lag dreiebok, 3) tenk visuelle hjelpemiddel og 4) skriv manus. Kvifor video? Før du begynner; tenk nøye gjennom om video er det rette formatet for innhaldet ditt, eller om tekst eller lyd er betre. Gode grunnar til å velje video er når du har noko visuelt å vise fram som ikkje lar seg formidle like godt med andre medium. Skal du for eksempel gi innføring i programmering av mikro:bit så kan dette vere lettare å sjå ein video enn å måtte bla seg gjennom ei lang brukar-rettleiing. Mens viss du skal gi studentar ei oversikt over ulike forskingsmetodar er kanskje tek...