Fire enkle tips for deg som vil lage video:
Har du lyst til å lage ein video for å formidle innhald til studentane dine eller til eit allment publikum?
Video kan vere eit supert verkemiddel for formidling, om det blir brukt riktig.
Her er fire super-enkle tips til kva du bør tenke gjennom før du går i gang med å lage ein video. Les vidare så får du litt meir forklaring på kvart punkt.
Fire smarte tips før du lagar video; 1) kvifor video, 2) lag dreiebok, 3) tenk visuelle hjelpemiddel og 4) skriv manus.
Kvifor video?
Før du begynner; tenk nøye gjennom om video er det rette formatet for innhaldet ditt, eller om tekst eller lyd er betre.
Gode grunnar til å velje video er når du har noko visuelt å vise fram som ikkje lar seg formidle like godt med andre medium.
Skal du for eksempel gi innføring i programmering av mikro:bit så kan dette vere lettare å sjå ein video enn å måtte bla seg gjennom ei lang brukar-rettleiing. Mens viss du skal gi studentar ei oversikt over ulike forskingsmetodar er kanskje tekst betre.
Lag dreiebok
Når du har bestemt deg for å bruke video må du tenke nøye gjennom korleis du skal organisere og legge fram innhaldet.
Det er lurt å lage ei dreiebok der du tenker gjennom dei ulike delane av videoen og kva for visuelle element som skal vere med i kvar del.
Sjå eit eksempel på ei veldig enkel dreiebok for ein video om den historiske forståinga av vatn under her:
Og her kan du sjå den ferdige videoen. NB, vi droppa den parykken som eg såg for meg i dreieboka.
Tenk visuelle hjelpemiddel
Når du først har valt video må du utnytte moglegheitene i mediet; nemlig det visuelle. Du treng ikkje video for å stå rett opp og ned og prate i 30 minutt. Fordelen med video er at du kan vise ting. Du kan altså for eksempel vise eit fysisk fenomen eller utføre ein kjemisk reaksjon framfor å berre prate om det!
Tenk på kva for enkle visuelle hjelpemiddel du kan bruke for å få fram det du vil seie. Skal du forklare korleis årstider oppstår, så bruk f.eks ei appelsin og eit eple til å illustrere sola og jorda.
Til og med dei beste formidlarane brukar billige og enkle visuelle hjelpemiddel. Eit eksempel er BBC-programleiar og professor Brian Cox. I denne videoen forklarar han entropi ved å bygge sandslott med bøtte og spade på stranda:
Skriv (kort) manus
Manus er svært viktig når du lagar video. Du må tenke nøye gjennom kva du skal seie, og gjer teksten så kort som mogleg. Vi toler som regel veldig lite omstendeleg språk i videoformatet før vi begynner å skru opp hastigheita eller klikkar vidare. (Det er unntak; vi toler det betre viss det er opptak av eit live foredrag).
Tenk også nøye gjennom kva som bør seiast rett i kamera, og kva som kan lesast inn som kommentar eller leggast på som tekstplakat i etterkant.
Bilde og tale må også spele saman på ein god måte. Det du
seier må tilføre noko som vi ikkje kan sjå av oss sjølv i bildet.
Når du har gått gjennom alt dette er du klar til å gå i gang med å produsere videoen din!
Lykke til !


Kommentarer
Legg inn en kommentar